top of page

Om oss

 

Foreningen Oppvekst er ein frivillig organisasjon som jobbar for å fremme helse og trivsel blant barn og ungdom i Sunnfjord kommune.

Hovudmålet vårt er å førebygge fråfall frå felleskap, og vi legg stor vekt på mangfald og inkludering. Tilboda våre rettar seg særleg mot aldersgruppa 10–19 år, der ungdom får moglegheit til å samlast om nye og spennande idrettar som flaggfotball, cheerdance og arena touchdown. Arena touchdown, som foreininga sjølv har utvikla, er ein innandørs variant av amerikansk fotball tilpassa handballbane.

For å gi ungdommane noko å strekke seg etter, arrangerer vi årlege skulefinalar. Her møtest laga til kamp, medan lokale kulturkrefter bidreg med pauseunderhaldning i ekte halftimeshow-stil.

Vi har ikkje eit formelt samarbeid med skulane, men tilboda våre bidreg likevel til auka trivsel og engasjement både i og utanfor skuletida.

Foreninga står bak Rockne Bowl, Gameday Førde og Superball junior. – dei største publikumsarrangementa i norsk amerikansk fotball. Til saman trekk desse årlege høgdepunkta om lag 2700 tilskodarar.

Treningane  innan amerikansk fotball blir gjennomførte i nært samarbeid med Sunnfjord Amerikanske Idrettslag (SAIL)

Kontakt oss

FORENINGEN OPPVEKST

Orgnr: 912034356 

Hafstadvegen 36 -6800 Førde

Telefon: 45 23 66 43

foreningen.oppvekst@gmail.com

Takk for innsendingen din!

_RAW0568-3.jpg
Dagleg leiar
Robin Marvik Gjesdal

Foreningen Oppvekst

Hafstadvegen 36, 6800 Førde

Tlf. 48 10 10 60

Orgnr. 912034356 

Dagleg leiar: Robin Marvik Gjesdal

bottom of page